Min Roskilde-kamp, eller: Jakten på den oransje kjensla

Liv på festival. Foto: Fremmed.

ROSKILDE: Mens andre let humla suse på Roskilde, finst det oss som berre prøver å overleve her.

Eg vaknar opp i teltet og frys. Klokka er ikkje ein gong sju. Eg har sove tre-fire timar. Så klart skulle eg ha teke med soveposen, som eg jo hadde i handa då eg pakka, men enda opp med å vrake til fordel for ein tynn lakenpose. Eg tar på meg eit lag til. Det vil seie ei ekstra t-skjorte.

Den einaste gensaren eg har med har eg allereie på meg. Jakke? Men det er då sommar for pokker, stod eg hovmodig og tenkte før avreise. Men hovmod står for fall, står det i Bibelen.

Eg skal medgi at ei nokså dårleg kjensle begynte å sive inn alt på danskebåten. Reisefølgjet mitt hadde med både jakkar og genserar, støvlar og regnjakke – og skulle dessutan bu på hotell. Yr har meldt regn to av dagane, men ein sliten poncho fra Clas Ohlson er mitt einaste vern mot vassdropane.

Mine «støvlar» er nokre Crocs-liknande badesko. Det får duge på ein regnværsdag. Når alt kjem til alt er Roskilde kjend for gjørma si. 

LES OGSÅ: Magiske og merkelige øyeblikk fra Roskilde 2023 

Gjennomhola sko får duge på ein regnværsdag. Når alt kjem til alt er Roskilde kjend for gjørma si. Foto: Ida Madsen Hestman.

Eg er elendig til å pakke. I fjor sommar drog eg ein månad på interrail og heiv omtrent halve garderoben mi opp i ein gedigen fjellsekk, som eg så frakta opp og ned gjennom Europa til andre backpackerars store undring.

Klok av skade hadde eg bestemt meg for å vere minimalist denne sommaren. Uroa nagla seg fast i meg medan vi sigla ut Oslofjorden.

Kanskje er eg traumatisert etter mitt første Roskilde for 11 år sidan – då teltet mitt blei plyndra og eg mista ei splitter ny oilskin-jakke.

I år er det iallfall ingen som kan stele jakka mi! Seier eg halvt triumferande til meg sjølv, mens eg ligg og hakkar tenner.

Det har ikkje gått ei natt ein gong, og eg kjenner at dette kan bli ein lang festival.

Eg er elendig til å planleggje. Utanfor teltet mitt sit ein skånsk gjeng og «njuuuter livet». Dei kokar seg morgonkaffi – sikkert Löfbergs Lila skånerost – og tar seg ein «uuunderbar» frokost i medbrakte stolar og medbrakt ekstra alt.

I år er det iallfall ingen som kan stele jakka mi! Seier eg halvt triumferande til meg sjølv, mens eg ligg og hakkar tenner.

Eg har ikkje fått handla mat, trass i at eg var innom butikken i går. I tillegg kunne ingen på festivalen gi meg rett vegleiing til campområdet mitt. Eg blei sendt på kryss og tvers, og all forventning om ein harmonisk inngang til festivalen forsvann – mens skritteljaren gjekk amok og magen rumla. 

Næringsbehovet mitt har vore suboptimalt sidan danskebåten, og som prismedviten sunnmøring kvir eg meg for å dra kortet meir enn nødvendig. Med den nye økonomiske røyndomen er det ikkje spesielt dejlig å vere nordmann i Danmark. (Fotnote: Ein sjekk innom nettbanken post-Roskilde viste at eg etter kvart heilt har  kasta dei økonomiske prinsippa på båten)

Den skånske gjengen ladar telefonen på ein i medbrakt powerbank – slik som eg også hadde førebudd meg då eg la powerbanken  i sekken – men som eg gløymde lade, og leidninga aner eg ikkje kor er.

Eg gløymde forresten også å lade telefonen dei 24 timane eg var på danskebåten. Batteriet gjekk tomt idét eg skulle finne fram mobilbilletten for å komme inn på festivalområdet. Det å vakne opp til tomt batteri på telefonen er ein overraskande angstfylt ting i seg sjølv. Helsing den moderne verda. 

Dag to er på alle måter blytung. Eg går rundt som ein zombie i folkehavet og drøymer om søvn. Kva i hulaste gjer eg her på denne festivalen, der hopen av menneske er så stor at eg får sosial angst og generelt nervetrøbbel?

LES OGSÅ FRA ROSKILDE: Da de visuelle krigsbildene ble for sterk kost, skildret ukrainske Koloah brutalitetene gjennom musikken i stedet. 

Dream City er eit campingområde der konseptuell camping vert teken til nye nivå. Foto: Jakob Stage

Eg går innom Dream City, eit campingområde der konseptuell camping vert teken til nye nivå. Folk byggjer hytter og dj-boder, og heng for det meste berre ut i eiga sone.

For mange er camplivet viktigare enn konsertane på Roskilde – og det er kan hende dette som går under det ein kallar «the orange feeling». 

Men kva er denne oransje kjensla? Ingen har eigentleg eit konkret svar på det, utover at det openbert handlar om å eksistere i ein eller annan formålslaus rus. For ein som har vakse opp i ein pietistisk vestlandskultur der alt skal tene til noko, er dette ei absurd livshaldning. 

Som om ikkje det var nok, slit eg med å finne fram i det pannekakeflate landskapet. Eg er van med å navigere etter fjell og annan topografi – ikkje etter ølboder og urinstøv. 

Det aukar heller ikkje kjærleiken min til dette landet at dei fleste danskar svarar meg på engelsk. «Du kan tale dansk til meg», har blitt min mest brukte frase her nede – men gradvis har eg gitt opp og tenkjer pessimistisk at det danske sproget måske lever på lånt tid. 

På den andre sida tykkjest eg å ha ei magnetisk tiltrekkjingskraft på rare danske damer over den første menopausen. Tydelegvis oppfattar dei seg sjølve som «maje maje sjove» som gjerne hijacker samtalen eg har med andre potensielt interessante «pi’er», ved å by på ein totalt uinteressant quiz om historiske datoar utan kontekst.

At eg i likskap med dei fleste nordmenn enno ikkje har fått dreisen på «halv fjers» og alt det der, morar damene storleg. 

LES OGSÅ: Rånere, hippier og dunken i oppvaskmaskina: En gonzonovelle om rånekultur på bygda

LES OGSÅ: Robbie Williams kritiserer dårlig klesstil blant Oslofolk

Roskilde-eventyret begynte fint. Foto: Ida Madsen Hestman

Det er no eg kjem på at ein av dei morsomste (eventuelt mørkaste) scenene frå Min kamp er frå Roskilde. Den unge Knausgård har sex-angst og bestemmer seg for å kurere angsten ved å debutere seksuelt med det han beskriv som ei veldig uattraktiv dansk dame. Scena endar med at dama spyr ut av teltet medan Knausgård freistar ta seg til rette.

Eg prøver å rekke «nø’enløpet», eit årleg konsept der folk spring nakne om kapp som toskar. Finn ikkje området i tide, men snublar fram akkurat i det eit par av deltakarane dusjar bort det hele. Eg innser at eg er ein elendig journalist. 

Trøtt og avmagra vandrar eg tilbake mot konsertområdet. Eg har fått gnagsår på hælen av å gå 30 000 skritt kvar dag – i trasiga skor, i god Vreeswijk-ånd. 

På vegen spottar eg ein oase i ørkenen: Eit stort, kvitt telt der folk kan gå inn og berre slappe av – i fred. Tilstynelatande virkar det som at dette kan ein gjere heilt gratis, utan frykt for å bli utnytta eller at nokon kjem og tek sakene dine. 

Basert på den danske musikken eg har høyrt her nede, kunne dei verkeleg trengje å innlemme Norge i riket sitt igjen. 

Eg trår inn blant dei mange kvilande kroppene, og legg meg ned. Å liggje rundt andre slitne festivaldeltakarar har ein overraskande meditativ effekt. Kanskje er eg endeleg innom «the orange feeling». Kanskje får eg endeleg del i Den Kosmiske Energien. Ein kan ikkje sjå heilt bort frå det. 

Når Karpe sklir inn på scena nokre timar seinare, styrkar kjensla seg. Det multikulterelle Norge tonar ut av høgtalarane, medan raudt, kvitt og blått vaiar i rommet. Eg tenkjer uvilkåleg på Eidsvollsmennene.

Gradvis gir eg meg over. For dette kollektive medvitet er også vakkert å ta del i – især når Karpe leverer ein av dei beste og klart mest inspirerte konsertane på festivalen (i motsetning til for eksempel 070 Shake, ein konsert eg brukte altfor mange kaloriar på å komme meg inn på). 

Tre danskar eg møter etterpå har høyrt Karpe for første gong og er overbegeistra. Kanskje kan vi redde desse stakkars danskane? Basert på den danske musikken eg har høyrt her nede, kunne dei verkeleg trengje å innlemme Norge i riket sitt igjen. 

Omsider føler eg at eg har landa på festivalen. Eg måtte altså gå til det multikultrelle Norge for å finne meg sjølv og «the orange feeling» på Roskilde.

Så får eg prøve å pakke litt meir maksimalistisk neste gang.

Følg oss på TiktokInstagramTwitter og Fjasboka

Del dette

3 thoughts on “Min Roskilde-kamp, eller: Jakten på den oransje kjensla

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

TBA
Verified by MonsterInsights