Frykt og avsky i Steigen: Feltrapport frå det kalde nord
Joddski, VM og Jan Steigen. Foto: Sondre Åkervik
GONZO/ESSAY: Ein god nok-festival ville truleg aldri hatt livets rett på Vestlandet, tenkjer eg.
Eg står heilt åleine i regnet, midt på ein festival i ein bortgøymd avkrok i Nord-Norge.
Skodda ligg tjukt over landskapet. Gradestokken viser ti, sjølv om vi er midt i juli.
Det er glissent med folk, trass i at festivalen opna dagen før.
Ei uro er kommen over meg. Kva i all verda gjer eg her?

Sommaren i nord har vore kald på fleire måtar.
Vêret surt, kontoen min slunken, og som vestlending har eg ofte spurt meg sjølv kvifor eg faktisk bur i eit område som aktivt motarbeidar nynorsken.
For eit par dagar sidan hadde eg ikkje ein gong høyrt om God Nok-festivalen i Steigen, ein utpost mellom Bodø og Lofoten.
Som surmaga vestlending er den første impulsen sjølvsagt å ironisere over dette fnisete festivalnamnet.
Men det har også eit dystert bakteppe, som ikkje er fnisete i det heile teke: Etter ei bølgje av sjølvmord i området, bestemte ei gruppe lokale eldsjeler seg for å initiere ein festival om at ein er god nok som ein er.
Sommaren vert ikkje mindre kald av ein festival med dette temaet.

Korleis kan ein bearbeide eit så bekmørkt tema – og på festival? Ein stad å starte er kanskje å snakke om det.
Den lokale artisten Anna Holand, betre kjent som Hoanna, er ein av dei som er her for å gjere akkurat det. Ho mista ei søster til sjølvmord og pratar frå scena med stoisk innsikt.
Dette er ein særs viktig tematikk. Likevel krymper vestlendingen i meg litt i møte med tematikken og orda som speler seg ut for open scene. Dette er ikkje vanleg festivalkost.
Det påfallande bokstavelege festivalnamnet dukkar opp overalt. Til og med på stranda står «GOD NOK» skrive som ein enorm formasjon i sanden, nærmast ropande mot meg.
Ein god nok-festival utan ironisk undertone ville aldri hatt livets rett på Vestlandet, tenkjer eg, litt mismodig.
Vestlandskulturen har ikkje rom for det overtydelege.
Vi er heller ikkje eit folk som snakkar høgt om dei næraste ting, og i alle fall ikkje framfor framande.

Jakta på festivalfellesskapet
Absurd nok føler eg meg meir framandgjort i møte med denne festival-estetikken og den litt krampaktige bodskapen som liksom skal bankast inn.
Eg er allereie våt og kulden kryp inn til beinet. Skal eg berre gi opp festivalen allereie?
Det er på dette tidspunktet at sosiologiprofessor og festivalforskar Aksel Tjora dukkar opp som ein slags akademisk redningsmann.
Han har vore innom festivalen med jamne mellomrom sidan oppstarten for ti år sidan, og har akkurat gått ned frå scena etter å ha leia ein samtale eg aldri får taket på, mest fordi eg står djupt inne i mine eigne tankar.
Tjora, ulasteleg kledd i sixpence, skjerf og islendergenser, smiler og eskorterer meg inn i varmen, backstage.
Ein peis sprakar. Rommet luktar tørr ved og eksklusiv catering.
I hjørnet står deLillos og varmar opp. «Min beibi dro av sted», nynnar Lars Lillo, som eit slags surrealistisk lydspor til mitt personlege samantrekk.

– Det er veldig annleis å ta kontakt med nokon på festival enn på Rema, fortel sosiologen, som ikkje er spesielt overraska over at eg tok kontakt med han på ein festival.
Han dreg fram omgrepet interaksjonspåskot. Ein sosiologisk trylleformel.
På ein festival har du lov til å gå bort til framande og slå av ein prat utan at dei tilkallar politiet eller trur du er mentalt forvirra.

Festivalfelleskapet gjer folk opnare, fortel sosiologen:
– Dei fleste av oss er relativt sjenerte og treng ein grunn til å snakke med nokon, seier han.
Tjora jekkar seg ei kald øl mens eg sit der og nippar til plastvatnflaska mi. Vatn er ikkje det eg har mest lyst på. Særleg ikkje når sosiologen begynner å leggje ut om korleis ølbrisne folk senkar skuldrane på festival, og får eit såkalla «sosialt frirom» frå kvardagslivets kvelande kjedekollisjonar.

Kollektiv brus
– Festivalfellesskapet er først og fremst samhandling, poengterer Tjora.
Så opnar han den sosiologiske verktøykassa for alvor.
Kollektiv effervesens høyrest ut som ein medisinsk tilstand, men handlar om den brusande, kollektive ekstasen som oppstår når ein flokk heilt vanlege folk samlar seg rundt eit felles ritual.
Som gammal sosiologistudent kjenner eg sjølvsagt att spøkelset til Émile Durkheim på bakrommet.
Regnet trommar mot glasruta, og doggen legg seg som eit slør på innsida. Det er som om ein kollektiv brus fyller rommet.
Sosiologifaderen meinte nemleg at denne boblande fellesskapskjensla oppstår under sakrale periodar, når stammen samlar seg rundt totempålen for å styrke dei sosiale banda.
Alt frå desperat mingling til moshpits og tonedøv allsong er i praksis berre musikkfestivalens kollektive effervesens i fri dressur.
deLillos-konserten seinare på kvelden vert læreboka i praksis: Folk skrålar, skålar og knip kvarandre i sideflesket for å halde varmen.
På eit tidspunkt gaular Lars Lillo at det var «bedre før» mens ein jentegjeng tar bilde av kvarandre med tunga ut av munnen.
I Steigen denne kvelden er det verken totempålar eller sakrale handlingar å sjå – berre regn, skodde og ei hovudscene med litt for stor avstand mellom folk.
At Oslo-bandet står på scena med bilde på backdropen frå solfylte svaberg i Vestfold, får óg ein utilsikta ironi.
«Det er antakeleg fint her», melder Lars Lillo.

Kort, men ikkje kontant
Smak av honning og Neste sommer sørgjer for at allsongen likevel ljomar, trass i at det regnar apekattar i laus vekt.
Overraskande mange unge syng med. Ein treng tydelegvis ikkje flyge inn ein eller annan møbelstelande rappar frå sør for å tekkast publikum her oppe.
Ingen ser ut til å la seg prege nemneverdig av forholda. Med unntak av meg, sjølvsagt, som står der åleine utan skikkelege klede og seriøst betvilar mine eigne livsval. Nok ein gong har eg overvurdert den nordnorsk sommaren: I ein uklok augneblink av vestlandsk overmot droppa eg både tjukk ullgensar og varm sovepose.
Så fort Neste sommer døyr ut, tek deLillos første maxitaxi ut av Steigen. Eg står att i regnet og lurer på kva i helvete eg no skal gjere. Burde eg berre bønfallt dei om skyss vekk herifrå? Å traske rundt åleine på festival over fleire timar har berre forsterka den eksistensielle uroa.
Eg glir sterkare inn i observatørrolla, sjølv om det eigentleg berre forsterkar framandkjensla.
Nokon klumpar seg saman rundt bålpannene som desperate istidsmenneske; andre står og minglar i dokøa – ei dokø Tjora heilt sikkert ville nikka akademisk anerkjennande til, men som for oss vanleg dødelege berre er jævla lang. Sånn vert det når ein pressar tusen overberusa menneske inn på eit frimerke av eit område.
Mange tek turen innom «vinnaustet» for ei overprisa flaske cava.
I vår avfortrylla verd er Kong Alkohol framleis gullkalven heile stammen dansar rundt.
Sjølv er budsjettet mitt så innskrenka at eg knapt kan forsvare å kjøpe ein enkel halvliter.
I baren grev eg fram dei siste, krølla papirpengane mine og spør om dei tek kontantar.
«Nei, berre kort», lyder det kontant.

Morbid nordnorsk drikkeleik
Eg bestemmer meg for å legge vekk den generelle skepsisen min, trasse den sosiale angsten og faktisk teste Tjoras hypotese i praksis. Eg tek mot til meg og prøvar å snakke med folk. Og underleg nok: Uroa avtek litt.
Fleire eg snakkar med er tilreisande, men med ein slags laus tilknyting til Steigen. Ein gjeng frå Trondheim likte så godt fjorårets festival – som berre var bada i sol og varme – at dei kom tilbake i år.
Det er no eg skodar mot ein merkeleg og makaber konstruksjon. Kva i hulaste er dette?
Noko som ved første augekast ser ut som ein giljotin frå den franske revolusjonen (eller liknar det meir ein galge?), viser seg å vere ein nordnorsk drikkeleik.

Ein lokal fyr demonstrerer mekanismen med stor autoritet. Han får det til å sjå ut som eit presisjonshandverk, men når han skal instruere dei meir overberusa læresveinane sine, hamnar halve pilsen på grusen.
Sosiologisk sett er øl-giljotinen eit genialt ritual for å skaffe seg nye venner. Økonomisk sett er dette eit reinspikka havari. Ein etter ein søler dei vekk dyrebare, overprisa dropar.
Sunnmøringen i meg får nesten hjarteklapp av å sjå på dette kapitalsløseriet. For no har ein person faktisk tilbode seg å kjøpe ei øl til meg. Skamlaust takkar eg ja.

God nok musikkprofil?
Tjora har fortald meg at det å gå på festival også har ein identifikasjonsside – ein dreg på punkfestival fordi ein liker punk.
På God Nok-festivalen ser eg derimot ingen spesiell musikkprofil eller sjanger som peikar seg ut.
Kva identitet er det eigentleg ein ønskjer å spegle eller skape her? I alle fall ikkje noko eg sjølv kjenner meg att i.
I pressevogna treff eg på den andre journalisten som er til stades. Pussig nok er også han sunnmøring, men der stoppar all likskap.
Med oppspelte auge strør han om seg med ukritiske superlativar. Terningkast seks til deLillos? Verkeleg? Det var ikkje direkte krise, men vestkantgjengen spelte trass alt på reine rutine-og-autopilot-knappen.
«Minor Majority har aldri vært bedre enn dette», rapporterer han frå den konserten.
Eg må ta meg fysisk i det for ikkje å utbasunere at eg heldt på å svime av keisemd. Eg får heldigvis uforbehalden støtte frå ein sidemann, som òg saknar eit minimum av trøkk.
Anna Lille, for øvrig vestlending ho også, får stempelet «pop-engel» av same mann. Engel? Mon det. Eg tenkjer meir på ein heilt jordisk artist med eit uferdig uttrykk og låtar som glir forbi utan å etterlate seg særleg spor.
På presserommet kjem festivalleiinga inn og verkar strålande fornøgde med all den positive omtalen. Journalisten smiler attende. Han lovar å kome tilbake neste år.
Til lags åt alle kan ingen gjera, sa Ivar Aasen. Og det er kanskje her musikken feilar under God Nok.
Når du prøvar å lage ein buffet for heile bygda – frå kvisete tenåringar til kvinner over den første menopausen – vatnar du ut det musikalske konseptet til det berre gjenstår ein lunka, ufarleg graut.

Ut mot havet på repeat
Eg trur eg allereie har innsett at konsertane er mest bakgrunnsstøy, eit alibi for at vaksne folk skal få lov til å stå i regnet, drikke øl og late som dei har det sosiale livet sitt på stell.
Ifølge Tjora, er det uansett mykje av dette festivalar eigentleg handlar om:
Folk som gjer heilt andre ting enn å faktisk ta inn musikken, gjer sosiologisk sett berre det dei skal, nemleg å samhandle og interagere.
Omsider får eg sett opp teltet. Regnkleda har for lengst gitt etter for vassdropane, og eg søkjer tilflukt i min nye heim.
Belgia-Spania på mobilskjermen, mens eg høyrer Brenn på avstand spele sin «relasjonsbaserte rock», som dei sjølv omtala den som på Øya i fjor.
Eg har ein snikande mistanke om at støynivået på campen ikkje kjem til å avta med det første.

Eg krøllar meg saman i fosterstilling med øyreproppar, for tynn sovepose, og kjenner frostriene gjennom kroppen. Sommar i nord.
Og som om hypotermi ikkje var nok, nektar campen å døy.
Frå ein nabotarp dundrar eit høgtalaranlegg på overtid. Ei endelaus, marerittaktig rekkje med norske schlagers ljomar utover området.
Siste gong eg vaknar har klokka blitt 03:45, og no har eg sikkert høyrt Ut mot havet for tredje gong. Tore Tang. Kaptein Sabeltann. Denne stammen hadde nok sjølv Durkheim slite med å gi sosiologisk meining til.
Jahn Teigens Optimist, ein av fotballsommarens store låtar, gjallar utover campen, før gjengen omsider sluknar.

Infantil yoga
Eg vaknar opp tidleg dagen etter, lite utkvilt, men letta over at det er opplett og sola faktisk skin.
Festivalområdet byr på gratis frukost og Vinni med God morgen Norge på anlegget.
Eg dristar meg til og med til å slå av ein prat med ein eldre lokalbåt-eigar og lidenskapeleg Bodø/Glimt-supportar. Men utover at han brukar meir pengar på Europacup-reiser enn mitt årsbudsjett, kjem vi ikkje mykje lengre.
Det må i alle fall vere kjekt å ha pengar å kaste vekk, tenkjer eg, og set kursen mot lavvoen og det som er annonsert som morgonyoga.
Det eg derimot ikkje har fått med meg, er at det er yoga for barn. Det vil seie mest historieforteljing og ganske få solhelsingar.
Eg har lyst til å snu og gå ut døra, men ein audmjukande retrett følest faktisk verre enn å bli.
Ei litt eldre dame i same situasjon som meg, kan fortelje at yogaen i går var litt meir konvensjonell. Greitt å vite når fireåringen ved sidan av meg ler av yogalæraren der framme.
Dama, som óg er her åleine, fortel meg at ho campar på ei strand 20 minutt unna. Klårsynt frå den alternative yogapraksisen, pakkar eg ned teltet og forflyttar meg til stranda.
Ikkje eit vondt ord om festivalcampen, men høyrer eg Ut mot havet igjen i natt er det mogleg at eg aldri kjem i mental balanse att.

Camp Steigen
Sola skin denne kvelden, og sjølv om det ikkje er varmt, har heile området ein heilt annan valør enn dagen før.
Eg merkar sjølv at eg er meir i minglehjørnet.
På campen rett utanfor er det tilløp til Roskilde-vibbar – lettbeint, leikent og uforpliktande. Folk heng ut, speler musikk og konsumerer alkohol med senka skuldrar.
Festivalfellesskapet er først og fremst samhandling, sa Tjora. Her er det levande beviset.

Nokon heppar med fotballen, som ei oppvarming til Norge – England-kampen.Tre damer sit og observerer balleiken.
Ei av jentene ser også ut til å ville tøffe seg litt ekstra i møte med ein utskremd TBA-journalist. Joddski skal til å gå på scena, men ho avfeiar rapparen med eit skuldertrekk:
«Koffør ska æ se Joddski spill når æ har tatt bilde med han», seier ho hoverande.
Ja, nei, kven treng vel å høyre på nokon ein har teke bilde med.
Atter ein gong vert eg minna på Tjoras akademiske fasit: Enkelte folk kjem seg rett og slett aldri på konsertar under ein campingfestival.
Dei vert sitjande fanga i camp-bobla – mens festivalarrangørane og Joddski – og den lokale hypemannen Jan Steigen – truleg ergrar seg litt meir over dei tomme plassane framfor scena.
Eg er derimot letta over at Joddski faktisk leverer rå hiphop i kveld og ikkje det trauste viseprosjektet han også er aktuell med.

Bøttehattar, ølchugging og utringing
Madélene, er dog ein booking festivalen må seiast å ha treft rimeleg perfekt med:
Hennar norske versjon av sommarens store fotballanthem her heime, Händarna mot himlen, skal innleie kvelden som vonleg vil ende med norsk VM-jubel.
Når hiten kjem, innimellom ganske generiske countrypop-spor som høyrest påfallande like ut, er stemninga sett, og både Madélen og publikum ser ut til å skulle ville «bli fulle».

Ved den andre scena skal komikartrekløveret Jonis Josef, Maria Stavang og Dag Sørås få publikum til å le.
Særleg Josef brukar mykje interaktiv humor, og klarer rimeleg greitt å drite ut ein trio der to av karane har skjorter med This is daddy og bilde av den tredje fyren.
Maria Stavang går, medvite eller ei, rett i møte med festivalens mørke bakteppe, når ho på sin første vits fortel om kor kjipt det er å vakne opp fyllesjuk på festival og berre ville gå og drukne seg sjølv.

Interaksjon på svenska
«Brukar du solkrem?».
Mens eg sit og skodar utover festivalområdet og grunnar på om kvalen eg tygg på hadde ein betre sommar enn meg før han vart harpunert, tek ei dame kontakt.
Tjoras teori om interaksjonspåskot på festival sit tydelegvis laust hjå fleire enn meg på Camp Steigen.
Ho viser seg å vere hudlege, og har heilt opplagt merka seg at eg er likbleik etter ein sommar i nordnorsk mørke og skodde.
«Du må bruke solkrem om du ikkje vil sjå ut som ei inntørka rosin», seier ho.



Eg prøvar å parere med min beste sunnmørsdiksjon, men før eg kjem skikkeleg i gang, avbryt ho seg sjølv:
«Unnskyld, eg må ta meg litt saman når eg snakkar norsk til ein svenske».
Lagnaden min er besegla. Resten av kvelden kallar ho og vennegjengen hennar meg berre for «svensken».
Madélene går opp på scena og speler «Henda mot himmelen» ein gong til.
Eg, hudlegen og vennane hennar er skjønt einige om at Petra Marklunds versjon er overlegent best. Kanskje er eg litt svensk, likevel?

Jubel og avvising
Endeleg begynner det! Høgdepunktet i kveld.
Eg har brukt heile dagen på å overtyde meg sjølv om at eg er her for musikken.
Sanninga er at eg berre har venta på Norge sin kvartfinale i verdsmeisterskapen i fotball.
I folkemengda framfor storskjermen har den brusande fellesskapskjensla meldt seg.
Durkheim hadde rett. Totempålen er ein massiv jærbuing med hestehale og verdas breiaste glis.
Andreas Schjelderup skrur inn 1 – 0 og folk går bananas.
Ved sidan av meg står Jonis Josef – utan at han vil dele jubelen med meg.
Eg nektar å gi meg, og prøvar å få i gang ein samtale om at Sørloth må stå fram i dag. Men nei. Josef er som eit stumt, nordleg iskast.
Av og til må ein innsjå at sjølv «interaksjonspåskotet» på festival kjem til kort.
Eg trøystar meg med at hudlegen og vennane hennar ikkje har forlate meg – endå.
Plutseleg dukkar også øl-galge-mannen opp.
Eg føler ein togetherness, for å seie det med Braut’en sjølv.

Saman jublar vi vilt då Heggem set inn 2-1 – berre for å få augneblinken øydelagt av VAR og ein dommarstand som ingen mindre fotballnasjonar lenger har tillit til.
Ekstraomgangane treng vi ikkje snakke om. Ei heller det mexicansk-kledde og mariachi-influerte coverbandet like etter, som får tapet til å følest som ei dobbel straff.
Helvete er å høyre «åååå viva Mexico» på avstand mens det store festivalfellesskapet svinn bort i natta.
Eg skal innrømme det. Eg var skeptisk til dette litt påtatt inderlege festivalkonseptet på førehand.
Men sanninga er at eg samtidig kom til Steigen på jakt etter ei eller anna form for fellesskap.
Eg fann det i korte augneblink, mellom Smak av honning, ein dialektforvirra hudlege og eit norsk fotballmål. Av og til er det kanskje godt nok.
Følg oss på Tiktok, Instagram, Bluesky, X og Fjesboka
LES OGSÅ:
