Samtidsdiagnose frå kammeret

Fontaines D.C. Foto: Ewen Spencer

Fontaines D.C. møter ei dyster samtid med kjølig industriell lyd, bekmørke tekstar og irsk bitterheit av beste merke. 

Det seier mykje om vår tid at eit album med tittelen Dopamin Chamber presist fangar kjensla av å vere eit menneske her og no. 

Mørke krefter har fanga oss i eit hamsterhjul der vi jaktar neste stimuli, neste dopamin-topp, og det tykkjest å vere ingen veg ut.

Det er iallfall bodskapen til Dublin-kvintetten Fontaines D.C. på deira femte fullengdar. 

Kor er vi på veg, og kor flyktar vi? I første omgang inn i dopaminkammeret. 

«Dopamine chamber/Just tryna kill the pain/ You can’t escape the feeling/Once you’ve given it a name», konstaterer vokalist Grian Chatten på One Man, sporet som namngir albumet.

Fontaines D.C. Foto: Elizaveta Porodina

Ein æra for distraksjon

Tekstførelegget var allereie lagt ut på førre plate, gjennombrotsskiva Romance. 

På Dopamine Chamber hamrar derimot Chatten inn poenget: Den moderne verda er ein grusom stad. Ei verd der tech-oligarkar og overvakingskapitalistar har fått ture fram medan vi, konsumentane, har vorte lulla inn i ei fantasiverd av algoritmar, endelaus scrolling og digital avhengigheit. 

Vi er digitalt kolonisert, som Shoshana Zuboff har argumentert for i boka The Age of Surveillance Capitalism. Tech-gigantane har erklært våre indre liv for råmateriale dei fritt kan hente ut og bruke. 

Chatten sjølv er inne på noko av det same i eit intervju med NPR. 

Heile ideen om eit sjølv har vorte plukka frå kvarandre og selt stykkesvis, meiner vokalisten, før han syrleg legg til: Vi lever i ein «vidunderleg» æra for distraksjon. 

På opningssporet, hypnotiske og maskinelle Six Shot Morning, ber han oss om å vakne opp og tre ut av fantasiverda. Den drivande bassen og dei kjølige vintage-synthane forsterkar den dunkle kjensla. 

Chatten syng om eit Silicon Valley som tappar alt det menneskelege for meining før han vender seg mot den transhumanistiske ideologien som tech-oligarkane har fronta: «You and I living for a million years / always, always».  

På Marianne ber han ironisk hovudpersonen om å halde fram med å drøyme. «You can go under the knife», forsikrar han.  

Bandet adressar igjen kjensla av tilbaketrekking og apati. Nummenheit var eit tema også på Romance. 

Men der Romance ofte lét framandgjeringa ligge i sjølve kjensla av å ikkje nå fram til andre, er Dopamine Chamber meir direkte i skildringa av kreftene som held oss distraherte.

Bandet nektar å gløyme kva vi er i ferd med å miste som menneske i det høgteknologiske samfunnet: ekte intimitet og nærleik til andre. Til dømes på den bassførande, New Order-aktige låten Mimesis der Chatten insisterer på at «your indifference won’t make me disappear».

Mollstemt endetid

Musikalsk er Dopamine Chamber enda meir synthdominert og orkestrert enn Romance, og nikkar sterkast i retning den mørke, melankolske estetikken til The Cure, eller Depeche Mode på sitt mest mollstemte. 

Det er eit lydbilete som underbyggjer den dystopiske tematikken. 

I arbeidet med albumet har Chatten reist åleine rundt i Europa for å gruble over kva som har gått tapt i gamle sivilisasjonar på vegen mot eit konstant distrahert samfunn. 

Tekstane her er mørke, men Chattens vokal tar ulike former anten det er snakk om kjølig, industriell goth-rock, meir konvensjonell britpop eller den forføreriske 60-talsballaden Where Is Gone? med sjølvaste Rosalía på gjestevokal.

Det er lite håp å spore på Dopamin Chamber. 

I beste samtidskronikør-stil er det intellektets pessimisme som får råde, eit varsel om endetida som er her. Sjølv romantikken verkar å vere død. 

Det drøymande indiepop-kuttet Japan skildrar eit kaldt og transaksjonelt forhold med det smertefulle omkvedet «why’d you go and make it real?»

Gjennomgåande tar gitaren mindre plass enn på føregåande Fontaines-utgjevingar, men vert til gjengjeld meir effektiv når han først nyttast, som den flerrande gitarsoloen i brytning med triphop-aktig scratching mot slutten av Tongue, eller den grungete nittitalsrocken i Happy For You. 

Desse utbrota løftar fram den meir rå energien som kjenneteikna Fontaines D.C. tidlegare, og som har gått litt tapt i det meir ambisiøse stadionformatet dei no opererer i.

Fontaines D.C. Foto: Ewen Spencer

Transhumanistisk hybris

På sistelåten Intimate vert masken endeleg riven av og konklusjonen eintydig. 

«Intimate that’s how I feel / Intimate is all that’s real», messar Chatten før låten tonar ut med linjene «dying and dying and dead.»

I eit intervju har Chatten uttalt at tanken på at noko skal vare evig gjer han sjuk:

«Ting har meining fordi dei er flyktige. Folk elskar kvarandre sterkt fordi dei veit dei skal bli gamle og døy».

Det er i denne motsetninga, mellom den transhumanistiske hybrisen og den forgjengelege kroppen, at Dopamine Chamber samlar trådane. 

I eit samfunn der individet vert oppløyst i algoritmestøy, viser Fontaines DC at det mest radikale vi kan gjere kanskje er å søkje ekte, fysisk nærleik. 

Vi er, kan hende, fanga i dopaminkammeret. Men ofte er den einaste vegen ut, gjennom.

Karakter:

8 / 10 

Fontaines D.C. – Dopamine Chamber

Albumet er utgitt 16. oktober 2026.

Følg oss på Tiktok, Instagram, Bluesky, X og Fjesboka

LES OGSÅ:

Del dette

Oppdag mer fra Kulturplattformen TBA

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.