LUX: Rosalías himmelferd

Rosalía. Pressefoto: Sony Music Norway

ANMELDELSE: Popmusikk vert ikkje meir ambisiøst enn det Rosalía gjer på LUX.

Kor går Rosalía etter dette?

Med LUX, hennar fjerde album, har den 33-årige katalanske, sjangerkryssande artisten nådd ein så karrieredefinerende augneblink at det er vanskeleg å sjå for seg korleis ho nokon gong kan toppe det ho gjer her. 

LUX, latinsk for ljos, er eit verk – ja, verk i ordets rette forstand – med himmelhøge ambisjonar:

Det består av fire satsar fordelt over 15 spor (18 på den fysiske skiva) sunge på 13 ulike språk, akkompagnert av the London Symphony Orchestra, arrangert av komponisten Carolyn Shaw, og med bidrag frå mellom anna Björk og Pharell Williams (puh!). 

Pressefoto: Sony Music Norway

Oppstiginga til noko større

LUX begynner med pusten, sjølve fødselsaugneblinken, og endar med attendekomsten, døden, og oppstiginga til noko større.

Åpningskuttet Sexo, Violencia y Llanta (Sex, vald og dekk) introduserer albumets sentrale konflikt; den mellom det verdslege og det guddommelege.

Eit nær vektlaust piano opnar det heile før hovudpersonen bokstaveleg tala tek sitt første andedrag:

Kven kan leve mellom dei to / først elske verda og så elske Gud? (mi omsetjing).

På omslaget er denne dualiteten også tydeleg:

Ho er kledd som ei nonne, men armane låst som om drakta var ei tvangstrøye.

Den andelege oppvakninga hennar kjem med ein kostnad, men til kva pris?

Kva må ho forkaste, gi avkall på?

Kan fridomen òg vere ei form for tvang?

Pop-reformator


I intervju har Rosalía trekt fram den franske filosofen Simone Weil, den brasilianske forfattaren Clarice Lispector, og framfor alt ein rekkje kvinnelege helgenar, som inspirasjonskjelder: 

Hildegard von Bingen vakar over den gotiske, opera-aktige singelen Berghain, medan tekst på ukrainsk manar fram Olga av Kyiv på den hypnotiske flamenco-rappen De Madrugá.

På den orkestrerte og inderlege Reliquia samanliknar Rosalía seg med ei relikvie: ei leivning som etterlet delar av seg sjølv, særleg hjartet, som eit varig minne etter at ho er borte. 

Songens religiøse undertonar alluderer mellom anna til Jesu oppstode og helgenen Sankt Teresa av Avilas preserverte armar, som mellom anna var i Francos eige fram til hans død. 

LUX er eit krevjande prosjekt å ta inn, som ein motgift til den dopamin-kulturen Rosalía har uttalt at vi alle kjenner på. 

For den som er villig til å investere i plata, er det derimot rikeleg med belønning i vente.

Der forgjengaren Motomami var ein fengjande, hedonistisk hybrid av flamenco, reggaeton og hiphop, er LUX eit album som manar til tolmod og gjenteken lytting. 

Det er ingen spontane bangers å spore her, det vil seie viss ein pop-opera á la Berghain kan kvalifisere som banger. At Björk gjestar den songen, følest ikkje tilfeldig. 

På same måte som at den islandske artisten reformerte popmusikken på 90-talet, er Rosalía i ferd med å endre popkartet på 2020-talet. Dette er eit Vespertine eller Homogenic for vårt tiår. 

Det næraste vi kjem eit beintfram catchy spor, er den lystige waltz-aktige La Perla, der ein eks verkeleg får passet sitt påskrive, med merkelappar som «emosjonell terrorist».

På ei plate med så introspektive og samtidig vidløftige ambisjonar, følest eit slik spor litt på sida, både tematisk og musikalsk. 

Foto: Noah Dillon

Smerte og hjarte

Produksjonen på plata er noko av det som gir mest ved gjentekne lyttingar, og byr på fleire gåsehudframkallande augneblinkar: 

Måten flamenco-klapping blandar seg med sakral korsong og eit crescendo av stryk på Porcelana.

Punktet i Reliquia der strykearrangement parar seg med frenetiske, liksom feilskrudde elektroniske rytmar.

La Yugulars langsame spiralisering oppover mot himmelen; korstemmene som mmm-ar etter refrenget på Magnolias.

LUX er også eit album om smerte.

I 2023 avbraut Rosalía forlovinga med reggaeton-artisten Rauw Alejandro.

Det er vanskeleg å ikkje tolke at dette brotet, eller fleire andre havarerte forhold, vert sett opp mot den overskridande og ikkje-fysiske, guddommelege kjærleiken, som på det barokke midtpunktet Mio Cristo Piange Diamanti, sunge på italiensk og spansk.

Pressefoto: Sony Music Norway

Religiøse motiv

Tyskklingande Berghain tek den altoppslukande kjærleiken inn i tragiske landskap.

At Rosalía kallar opp ei låt etter den legendariske nattklubben i Berlin er kanskje ikkje så rart.

Berghain, på lik linje med artisten, fungerer som eit viktig symbol for skeiv kultur, sjølv om Rosalía i eit intervju tilstår at ho aldri har våga å gå inn på klubben.

Eit anna førelegg for tittelen er Berghains bokstavelege tyding på tysk – eit fjell av skog.

«Vi har alle denne skogen i oss der vi kan føle oss fortapt», har Rosalía sagt i eit intervju

«Eg glorifiserer ikkje vondskap, men mørkeret er i oss alle». 

I videoen spelar Rosalía ei dame som får vite at hjartefeilen hennar er dødeleg.

I fortviling reiser ho rundt i byen. Men kvar enn ho ferdast, følger orkesteret etter henne.

Vel heime føler ho seg som snøkvit i skogen, fortapt, mens Björk i form av ein raudstrupe meddeler at «det einaste som kan redde oss no er guddommeleg inngripen».

Mens takta i musikken ebbar ut som hjarteslag, lukkar hovudpersonen auga, sukkerbiten smeltar bort i koppen, og sjela hennar stig opp som ei due. 

Albumet er fullt av slike bileter med religiøse konnotasjonar.

«Krossen på brystet kalibrer kroppen min / eg har full rett til hemn», messar ho på De Madrugá, før tvilen kjem inn. For «kjedet er tungt / etter å ha sett for mykje tilbake». 

På den såre, pianoklynkande Sauvignon Blanc lovar ho å forkaste luksus i byte mot asketisk fred:

Eg vil lyde min Gud / Og forkaste mine Jimmy Choos. 

Rosalía. Pressefoto: Sony Music Norway

Heime til sist

Til sist er det tilgjevinga som står att.

På den flamenco-flørtande La Rumba del Perdón bestemmer Rosalía seg for at tilgjeving er eit aktivt val, same kva ein person har gjort mot ein annan. 

Fado-influerte Memória forsonar seg med reisa som er gjort, medan den lågmælte, men mektig-sakrale Magnolias ser hovudpersonen observere si eiga gravferd. Endeleg er ho heime att.

Gud stig ned / og eg stig opp / Vi møtest i midten.

Med LUX har Rosalía sett ljoset. Det store spørsmålet er kvar ho no skal reise. 

Karakter:

9 / 10

Rosalía – LUX

Følg oss på Tiktok, Instagram, Bluesky, X og Fjesboka

LES OGSÅ:

Del dette
Kulturplattformen TBA